Ordensreglement

ORDENSREGLEMENT VED MØRE UNGDOMSSKULE

1 – HALDNINGAR
Alle på skulen, tilsette og elevar, må gjere sitt beste for at skulen kan vere ein triveleg, trygg og stimulerande arbeidsplass. Det er venta at alle er venlege og ærlege og viser respekt for kvarandre.

2 – FRAMMØTE
Vi møter presis til alle timar. Elevane skal alltid ha med nødvendig utstyr til timane og straks gjere seg klar til undervisninga.

3 – FRIMINUTT OG LANGFRI
a) I friminutta og langfri oppheld elevane seg innafor skulen sitt område.
b) Første del av langfri er matpause. Matpausen startar kl. 11.05.

4 – SKULEBYGNINGAR OG INVENTAR
Vi må ikkje skade eller øydelegge skulen sine bygningar, inventar, utstyr eller læremiddel. Dersom du skulle vere uheldig å øydelegge noko, skal du varsle lærar, inspektør eller rektor med ein gong. Dersom ein elev har klar skuld i det som har skjedd, pliktar eleven/føresette å erstatte skaden.

5 – FRÅVÆR OG FRI – MELDING
Første dag etter lovleg fråvær må du levere melding som er underteikna av foreldre eller andre føresette. Dersom du ikkje har gjort leksene, må det stå i meldinga.
Spørsmål om fri: a) Faglærar kan gi fri sine timar.
b) Inntil ein dag vert avgjort av klassestyrar.
c) Må du ha fri meir enn ein dag, søker du skriftleg til rektor.
Spørsmål om fri må leverast skriftleg i meldingsbok eller eige skriv.

6 – VANLEG ORDEN
Vi skal halde klasserom og uteområde ryddig og i orden. Utstyr som vert brukt skal setjast på plass. Ordensplikter går på omgang mellom elevane. For ordenseleven er det eigen instruks.

7 – RØYKING OG RUSMIDDEL
Det er ikkje tillate å røyke, bruke snus eller rusmiddel på skulen. Denne regelen gjeld og når skulen er på tur og ekskursjonar der skulen har ansvaret.

8 – KLE OG VERDISAKER
Elevane har sjølve ansvar for yttertøy og verdisaker. Unngå å ha med deg verdisaker på skulen.

9 – ANDRE REGLAR
Elevane kan ikkje ha med seg bøker, blad, cd, dvd eller anna der innhaldet er i strid med skulen sin kristne basis.
Mobiltelefon, mp3, iPod o.l. skal ikkje brukast i skuletida.

10 – BROT PÅ REGLANE
Ved brot på reglane vurderer skulen i kvart tilfelle kva reaksjonar dette skal føre til. Eleven skal få høve til å forklare seg munnleg for den personen som skal ta avgjerda før det blir teke avgjerd om refsing. Aktuelle reaksjonsmåtar kan vere;
a) Irettesetting av lærar, klassestyrar eller andre tilsette.
b) Innkalling til samtale med rektor/inspektør
c) Melding heim og samtale med foreldre/føresette
d) Inndraging av gjenstander ved misbruk
e) Nedsett ordens- og eller framferdskarakter
f) Bortvising frå ein time eller deler av ein time
g)Bortvising frå skulen inntil tre dagar
(Reaksjon etter pkt. g) er enkeltvedtak og eleven har klagerett etter avgjerd i
Forvaltingslova kap. VI. Fylkesmannen er klageinstans, og klagen skal sendast via
Skulen innan tre veker.)
Dersom regelbrotet er alvorleg nok, kan kvar reaksjon som er nemnt (a-g) brukast som første disiplinærreaksjon.

(Vedteke av styret for Møre Ungdomsskule 03.09.2012)