Ofte stilt spørsmål

Må ein vere kristen for å gå på skulen?
Nei, skulen er sjølvsagt open for ALLE! Det er ikkje krav om å meine, tru eller tenke verken det eine eller andre. Skulen arbeider med basis i dei kristne grunnverdiane og er både open og ærleg på at vi har som mål at elevane skal verte kjende med den kristne trua. Samstundes er det viktig for skulen å hjelpe elevar til både å tenkje og reflektere på eiga hand og ta eigne val.

Får ein dei same helsetilboda ved skulen som i den offentlege skulen?
Ja, eleven har rett på dei same skulehelsetenestene som ein har i den offentlege skulen. Dvs helsesøster, tannlege, PPT/BUP tilbyr dei same tenestene til elevar i private skuler.

Har ein vanlege fag på Møre?
Ja. Det er staten som godkjenner læreplanane for alle norske grunnskular, så også med dei private grunnskulane. Ein kan i liten grad ta vekk opplæringsmål frå Kunnskapsløftet, men står friare til å leggje til.

Kva kostar det å gå på Møre?
Det kostar 10.500 kroner per år i skulepengar

Når startar og sluttar skulen.
Skulen følgjer i all hovudsak skuleruta til Ålesund kommune. Med samme start, slutt og fridagar. Skuledagen startar 08.25 og sluttar 14.05. Ein dag i veke har vi langdag fram til kl 15.00.

Får elevane eigen PC?
Møre satsar på Chromebook som dataverktøy. Elevane får «låne» ei Choromebook maskin når dei startar i 8 klasse. Den er personleg. Dei som fullfører tre år på skulen får maskina når dei sluttar. Elevar som sluttar før, må levere tilbake maskina, eventuelt kjøpe den ut.

Kva målform brukar skulen?
Skulen har elevar med både nynorsk og bokmål. Alle elevar får bøker på si målform. Men elevar med nynorsk og bokmål går i samme klasse.

Kva språkval tilbyr skulen?
Per i dag tilbyr skulen spansk, tysk, engelsk fordjuping og arbeidslivsfag.

Tilbyr skulen skulefrukt?
Ja

Tilbyr skulen Skulemjølk
Ja

Får elevane skuleskyss til og frå skulen?
Dei som bur meir enn fire kilometer frå skuelen har rett på skysskort frå fylket/kommunen.

Er det bra bussforbindelse til og frå skulen?
Skulen har gode bussforbindelse i retning Magerholm eller Moa.