Historie

Kort orientering om skulen si historie.

I styremøte 3. juni 1988 (sak 99/88) sette styret for Sunnmøre Indremisjon ned ei skulenemnd for Borgund Folkehøgskole. Oppdraget for nemnda var: Kva skal ein i framtida bruke Borgund Folkehøgskole til? Fylgjande stikkord var aktuelle: Folkehøgskule, ungdomsskule, vidaregåande skule.

Då nemnda etter fleire år avslutta arbeidet sitt, var oppstart av ungdomsskule nemnt som eit mogeleg alternativ saman med andre, men her var ingen konklusjon om å at det burde oppstartast ungdomsskule.

På eit sammøte mellom styret for Borgund Folkehøgskole og styret for Sunnmøre Indremisjon 14. november 1992 var framtidig skuledrift tema. På dette møtet vart oppstart av ein kristen ungdomsskule også drøfta, og i styremøte 5. desember 1992 (sak 159/92) vart det sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere om det kunne etablerast ein privat ungdomsskule i Ålesund-området.

29. januar 1993 vart det sendt søknad til departementet om godkjenning av privat ungdomsskule.

Saka vart så handsama på årsmøte i Sunnmøre Indremisjon i Langevåg i juni 1993. Etter ein langvarig debatt der mange var negativt innstilte til å starte ein slik skule, vart det vedteke å ta saka opp att på neste årsmøte. Som ein del av saksførebuinga vidare skulle det gjerast ein marknadsanalyse med tanke på behovet for ein slik skule.

Vinteren og våren 1994 vart det også utarbeidd skuleplan.

Saka vart så handsama på årsmøtet i 1994 (på Borgund Folkehøgskole). Også her var det mange som talte imot, men under avstemminga vart det eit stort fleirtal for oppstart.

Handsaminga i departementet tok urimeleg lang tid. Det kom stadig nye signal frå departementet om korleis ting måtte vere for å få godkjenning, og endeleg godkjenninga kom ikkje før enn i mai 1995.

Etter at skulen fekk godkjenning, har tilhøvet til Ålesund kommune, Statens utdanningskontor på Molde og departementet stort sett gått knirkefritt.

Rektor vart tilsett frå 1. januar 1996, og frå 1. august var tre lærarar tilsette i deltidsstillingar.

Dette første skuleåret starta med seksten 7. klassingar og seks 8. klassingar. Kven som var mest spent på korleis dette skulle gå, er vanskeleg å svare på, men både spenninga og gleda var stor.

Neste skuleår var elevtalet om lag 50, 3. året om lag 70 og så har talet lege på rundt 80 til og med skuleåret 2001 /2002. Frå og med skuleåret 2002 / 2003 har skulen hatt 4 klasser og vel 100 elevar.

Dei første åra held skulen til i leigde lokale på Borgund Folkehøgskole og i brakker og paviljongbygg som skulen fekk sett opp. Frå hausten 2001 har skulen halde til i eigne lokale.